X

 

Vil ein lekkasje av CO2 frå Utsira Formasjonen endre livet i og på havbotnen i Nordsjøen?

 

Sidan 1996 har Statoil kontinuerleg pumpa ned CO2 i Utsira Formasjonen i Nordsjøen, og per i dag ligg det omlag 12 millionar tonn CO2 lagra ca 800 meter under havbotnen. Injeksjonen av CO2 skjer like ved Sleipner platforma, drøye 240 km frå Stavanger.

 

Bildetekst: Sleipnerplatforma til venstre og til høgre biletet av Multicorer som når overflata med fire sedimentkjerner (foto: Laila Reigstad, Senter for Geobiologi, Universitetet i Bergen).

 

Det er ikkje kjend korleis ein eventuell lekkasje av CO2 frå Utsira Formasjonen og opp i sjøvatnet vil påverka livet i og på havbotnen i Nordsjøen. For å finna ut av dette har ei tverrfagleg forskargruppa frå Senter for Geobiologi ved Universitetet i Bergen, utført eit simuleringsforsøk der intakte sedimentkjerner frå Sleipner-området vart utsett for CO2-forsura sjøvatn. På denne måten fekk ein prøvd ut kva som kan skje med livet på havbotnen, samt i topp 20 cm av sedimentet, dersom det legg seg eit forsura vassjikt over botnen.

 

Laila Reigstad med sedimentkjerner på rad og rekkje (t.v) og ekstraksjon av porevatn frå intakte sedimentkjerner (t.h.)(foto: Laila Reigstad, Senter for Geobiologi, Universitetet i Bergen).

 

 

Analysene er tidkrevande og pågår framleis, men dei første resultata viser klare ulikskapar mellom samfunna og aktiviteten på organismane som fekk CO2-forsura sjøvatn i forhold til dei som fekk vanleg sjøvatn. Dette visast både på overleving av makrofauna og på direkte målingar av mikrobielle prosessar. Arbeidet forventas publisert hausten 2012.

 

 

Les meir.....

 

CO2 Storage news


Calendar/ Upcoming Events